Planarbeid Kubbaleitet ved Isdalstø- Varsel om planoppstart

I medhald av Plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla oppstart av planarbeid for utarbeiding av reguleringsplan for Kubbaleitet gnr. 137, bnr 38, 66, 69,77, 477, 487, 185, 521 m.fl i Lindås
kommune.



Området ligg i Lindås kommune, nordvest for Knarvik sentrum, mellom Alversund og Isdalstø, og grensari tillegg til Kvernafjorden i vest. Fv 565 Isdalstøbakken ligg nord for planområdet. Planområdet er på omlag 79 daa. Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for varierande typar bustadar, frå konsentrert busetnad til område for småhus og frittliggande einebustadar, vidare naust, kai, badeplass med tilhøyrande infrastruktur og grøntområde, føremål som er i samsvar med kommuneplanen.

Tiltakshavar er Sommerro Panorama as.

Merknadar og opplysningar som kan ha interesse for planarbeidet kan sendast innan 10.april til utførande konsulent SWECO AS v/Irene Våge, Storetveitvegen 98, 5072 Bergen. Mottekne dokument, merknadar
og liknande vil fylgje planframlegget når det vert lagt fram for sakshandsaming og vedtak. Nærare informasjon om planarbeidet kan ein få ved å vende seg til SWECO AS, Divisjon Vest v/Irene
Våge tlf: 55 27 50 00, e-post: irene.vaage@sweco.no

Sjå heile oppstartsannonsa her


Reigstad Bygg og Eigedom AS, Gjervik Ytre, 5914 ISDALSTØ - Tlf: 926 08 236 - post@reigstadbygg.no           Utvikla av TEIKN og Publisoft Publisering